KVARDAGSBONUS

18. mai 2012 av Cecilie Molvær Jørgensen

Lukka var stor då fellesmailen frå resepsjonen meldte om «restar frå markedsavdelinga sitt frukostseminar i kantina» her om dagen. Vi var ikkje vonde å be, og kom til ein bugnande buffet av oppkutta snacksgrønsaker, heimelaga knekkebrød, sunne dip-ar og ferskpressa grønsaksjuicar, og - lo and behold! - sjølvaste Puls-Yngvar! Eventuelt Stella-Yngvar, ettersom han jo var stor bidragsytar i saka «Du, en løper?» i aprilutgåva ... Vi kasta oss over han, stakkaren, for møtet måtte sjølvsagt dokumenterast. Til slutt veit vi nesten ikkje kven som var mest nøgd; Silvany, som fekk stadfesta at den høge, veltrente, sjarmerande sogningen ikkje har eit snev av divanykker, Cecilie, som kunne klamre seg til si o-store-inspirasjonskjelde i eit stakkarsleg augeblikk, eller Yngvar sjølv, som fekk klemme litt på «slike tøffe Stella-damer» … Vi trur det siste.

- Cecilie


Les løpesaken vår med Yngvar her.

Kategorisert som sunnhet, løpeguide, løpetips, yngvar
135

StellaBlogg

- Det indre livet i magasinet om ytre stil og indre styrke

Mest leste

Abonner på STELLA Se alle tilbud